FANA HISTORIELAG |
|
|
Fana historielag:
Fanabibliografien: |
InnleiingDå Fana Historielag vart stifta i 1996, var det enkelt sagt med dette føremålet: «å vera til hjelp og støtte for den som arbeider for å ta vare på fortida». Eit nyttig hjelpemiddel i så måte er ein bibliografi som gir eit oversyn over tilgjengeleg litteratur som fortel om folk og tilhøve opp gjennom tidene i tidlegare Fana kommune, og etter samanslåinga med Bergen kommune, bydelane Fana, Ytrebygda, Fyllingsdalen, Minde og Løvstakken. Laget tok difor, straks etter starten, opp arbeidet med å få utarbeidd ein slik bibliografi for å hjelpa dei som ville vita meir om Fana i eldre og nyare tid. Styret vende seg til pensjonert bibliotekar Liv Bakka, som tok på seg oppdraget utan anna godtgjersle enn dekning av direkte utlegg med arbeidet. Oppgåva synte seg snart å bli mykje meir omfattande og tidkrevjande og dermed dyrare enn både laget og forfattaren hadde tenkt. Styret valde å fullføra arbeidet i von om at det ville bli ei råd med å gi ut bibliografien. Med god hjelp frå institusjonar, firma og einskildpersonar er vi no komne så langt at vi kan presentera Liv Bakka sin «Fanabibliografi» i bokform. Om salet av boka går som vi vonar, reknar vi med at vi skal få til ei utgåve på CD og kanskje også tilrettelagt for internett. Då Fana Historielag er utgjevar av boka, er framsida den same som på alle våre trykksaker, med logo som er henta frå Hermod Hjellestad: «Fana bygdebok» bd 2 s 22: «Drakter frå Bergenskanten». Vi vonar at både einskildpersonar, lokale bibliotek og ikkje minst skulane i Fana vil ha nytte og glede av Liv Bakka sin «Fanabibliografi». Fana Historielag takkar forfattaren for eit framifrå og grundig og brukarvenleg produkt. Likeeins takkar vi Centraltrykkeriet for godt samarbeid og fint utført arbeid. Sist, men ikkje minst takkar vi alle sponsorane våre som har betalt gildet. Utan deira hjelp hadde det ikkje blitt nokon «Fanabibliografi» i bokform. Følgjande har gitt tilskot: Lagunen støttefond, Kulturkontoret i Fana, Statoil, Sparkjøp, Odfjell ASA, DNB, Kulturkontoret i Ytrebygda, Fane Skoganlæg, Nesttun Senterforening, BKK og Solid Vedlikehold AS. og Instanes AS. Leiar av Fana Historielag |
|
Fana historielag - Boks 399, Nesttun, 5853 BERGEN Tlf: 55 22 73 56 - |
|