|
Fana historielag:
Om Fana Historielag
Kontaktpersonar
Innmelding
Budstikka
Hovudside
Fanabibliografien:
Innleiing
Om bibliografien
Om nettutgåva
Om Liv Bakka
Bla i innhald
Register
Søk
Kjøp boka
|
Fanabibliografi
Liste over trykte skrifter m.m. om Fana til og med 1998
Utarbeidd av Liv Bakka
Etter oppdrag frå Fana Historielag har eg gjort eit forsøk på å laga ei systematisk liste over stort sett det som er skrive og trykt om Fana frå eldre tid til 1998 (tidlegare Fana kommune, og etter samanslåinga med Bergen, bydelane Fana, Ytrebygda, Fyllingsdalen, Minde/Løvstakken) Eg har ikkje teke med avisartiklar, med unnantak av nokre få artiklar. Fanaposten finst komplett på Bergens offentlige bibliotek, Nesttun. Når det gjeld Bergens Tidende, kan ein venda seg dit, artiklar er der ordna etter emne. Når det gjeld «Melkekrigen i Fana» er det stoff i Gula Tidend, som er tilgjengeleg på Universitetsbiblioteket i Bergen. Skjønlitteratur er ikkje med. Eit fåtal av artiklar i Fanajul er ikkje med, men det er utarbeidd ei innhaldsliste for årgangane 1976-1986.
Hjelpemidlar:
- Johanne Martens: Litteratur om Bergen. Fra de eldste tider til og med 1973. Bergen 1982.
- Schweigaard, J.: Norges topografi. 1918.
- Tillegg 1917-1927. Ved W.P. Sommerfeldt 1930.
- Tillegg 1928-1945. Ved W.P. Sommerfeldt. 1955.
- Norsk bokfortegnelse 1814-1998.
- Norske tidsskriftartikler 1918-1997(1998)
- Foreningen til norske fortidsminnesmerkers bevaring. Årsberetning/Årbok 1845-
- Pharo, A.L.: Register 1845-1960 (1963).
- Bergens offentlige bibliotek: Fana, en litteraturliste. 1975.
- Innhaldslister for Fanajul 1975-
- Innhaldsliste for Frå Fjon til Fusa 1948-1989. (Frå Fjon til Fusa. Årbok. 1990/91.)
- Søk i Bibsys ved Universitetsbiblioteket i Bergen.
- Undersøkingar i Hordaland Fylkesarkiv.
- Undersøkingar i Bergen Byarkiv.
- Telefonkontakt med bedrifter, skular, idrettslag og andre lag.
- Gjennomgått lister m.m. frå Lokalhistorisk base, Totlandsv. 2, Nesttun.
- Litteratur utg. av Bergen kommune (kan ikkje vera komplett).
Litteraturen som eg har funne fram til kan i dei fleste tilfelle finnast på Universitetsbilioteket i Bergen, Bergens offentlige bibliotek, Hordaland Fylkesarkiv, Bergen Byarkiv, elles kan ein kontakta dei respektive bedrifter.
Ordninga er fylgjande:
Systematisk skjema i 17 punkter (1-17) delvis etter Johanne Martens. I den systematiske delen er bøkene, artiklane førde opp alfabetisk innan kvar gruppe etter forfattar eller verk med redaktør eller utgjevar med fortløpande nummer.
Alfabetisk liste over alle forfattarar, utgjevarar, redaktørar, institusjonar og ein del emneord, med vising til nummer i den systematiske delen NB Gruppe 17: Biografi. (Omtala personar står i alfabetisk rekkefylgje. Desse er ikkje med i den alfabetiske lista som for gruppene.1-16.)
Alfabetisk liste over tidsskriftene der artiklane er trykte.
Alfabetisk liste over forkortingar.
Nyttige handbøker
- Lokalhistorisk litteratur 1969-1979. Red.av Rolf Fladby og Eldbjørg Arnesen. Oslo 1981. 87 s. (Småskrifter fra Norsk lokalhistorisk institutt. 3.)
- Måge, Knut L.: Hardanger-bibliografi. Utg. av Hardanger folkeminnelag, Hardanger museum. Norheimsund 1978. 236 s.
- Sandal, Per: Lokalhistorie. Landbruksforl. 1983.
- Titlestad, Torgrim: Når folk fortel. Ei handbok i intervjuteknikk og munnleg historie. Universitetsforlaget 1982.
- Kiil, Alf: Arkivkunnskap. Statsarkiva. 2.oppl. 1987.
- Mykland, Liv og Kjell-Olav Masdalen: Administrasjonshistorie og arkivkunnskap. Kommunene.
- Synnevåg, Marit, Brit Skotheim: Register til Nord- og Midhordland Sogelag. Frå Fjon til Fusa, 1959-70. Hovudoppgåve ved Statens Bibliotekskole. Oslo 1976
- Norsk husflid. Innholdsregister 1966-1982.
- Litteratur om okkupasjonstida 1940-1945 i Hordaland. Hordaland fylkesarkiv 1995.
- Register til Heimen 1967-1994. Bd. XIV-XXXI. Utarb. av Jostein Molde. Landslaget for lokalhistorie. Trondheim 1995.
* * *
Eg vil gjerne takka for hjelp ved Universistetsbiblioteket i Bergen, spesielt Bjørn Abusdal og Asta Nord. Og i heimen min vil eg takka dotter mi Signe Bakka Sunde, og ikkje minst mitt eldste barnebarn Rune Bakka Sunde for hjelp og støtte.
|